jump to navigation

Om ytringsfridom og politisk TV-reklame april 6, 2009

Posted by religionsfilosofen in Uncategorized.
trackback

Ytringsfridom er ein sentral fridom i eit demokrati, og er nedskriven både i FNs menneskerettsfråsegn og i norsk lov. Ytringsfridommen vernar retten eit menneske har til å uttrykkje politiske meiningar, og retten til å seie frå om maktmisbruk, overgrep og undertrykking.

I ein artikkel på http://www.nettavisen.no (Sist oppdatert 11.12.08) kan ein lese følgjande: ”Menneskerettighetsdomstolen i Strasbourg har gitt TV Vest medhold i retten til å sende politisk tv-reklame” Per Fjeld, tidlegare sjefredaktør i TV Vest, meiner at dette er ein siger for ytringsfridommen. Torbjørn Røe Isaksen i Høyre er også positiv til dommen. Isaksen seier mellom anna ”(…)At det skal være forskjell mellom reklame på en tv-skjerm og en pc-skjerm er diskriminering mellom medier.(…)” Både Fjeld og Isaksen legg vekt på politisk reklame som ein rett. Er forbod mot politisk reklame eit brot på ytringsfridommen?

Dersom ein skal sjå på denne saka med ein pliktetisk og konsekvensetisk modell kan svara bli ulike. I følgje den pliktetiske modellen er nok svaret mest sannsynleg JA. Pliktetikken set PLIKTA i sentrum, og meiner at ei moralsk handling er ei handling vi har gjort fordi ho er vår plikt. Med andre ord kan vi seie at det er ei plikt å vise politisk tv-reklame fordi det er partia si rett.

Med eit konsekvensetisk syn på denne saka må vi tenkje på følgjene av politisk tv-reklame. Dette er det litt vanskeleg å uttale seg om sidan vi ikkje har hatt det i Noreg. Likevel er det nokre som har kommentert at det vil bli dei partia med mest pengar som får makta. Det kan godt vere sant, og ville i så fall ikkje vore rettferdig. Ein sikker konsekvens ville ha vore at partia fekk meir merksemd, men ganske sikkert i ulik grad.

Eg vil berre kommentere Torbjørn Røe Isaksen sitt utsegn om forskjellsbehandling av TV og internett. Dette er to ulike media med ulike funksjonar. Ein person som brukar internett har mykje meir valfridom enn ein som ser på TV. Når du brukar internett kan du gå inn på akkurat den nettsida du vil. Når du ser på TV må du sjå på det som er på kanalen. (Forutan at du kan byte kanal).

Trine Skei Grande i Venstre uttalte om AP sin argumentasjon mot politisk reklame at ”(…)Men det samme partiet som var fanatisk imot tv-reklame, har egen Arbeiderparti-tv på sin egen nettside. Da blir det komisk at det er så stor forskjell mellom pc og tvskjerm”

Eg meiner at dersom nokon er interessert i å få vite meiningane til eit parti kan ein sjølv gå inn på nettsida til partiet og sjå reklamane der. På denne måten er det enkeltpersonen som oppsøkjar partiet. Dersom ein får politiske reklamar på TV blir det i staden partiet som oppsøkjar enkeltpersonen (veljaren). Eg synes politiske TV-reklamar svekkjer valfriheita. Det blir ikkje lenger snakk om dei beste sakene, men den beste reklamen…

Kommentarar»

No comments yet — be the first.

Kommenter innlegget