jump to navigation

Kvifor heiter det islam og ikkje muhammedanisme? oktober 13, 2008

Posted by religionsfilosofen in Uncategorized.
add a comment

Islam vart lenge kalla ”muhammedanisme” av folk i vesten. Dette kom nok av at dei ikkje hadde nok kunnskapar om religionen. Det dei visste var at Muhammed spela ei viktig rolle i Islam, og dermed fant dei namnet passande. For muslimane derimot vart dette krenkande, og her er grunnen: Muhammed er ikkje nokon Gud.

 

For det første er Islam ein strengt monoteistisk religion. Det er berre éin Allah. Dette kjem fram i einingsvedkjenninga (sure 112) i Koranen, som kan samanliknast med truvedkjenninga i Kristendommen. I Islam blir det  altså lagt vekt på einheta, monoteismen.

For det andre er Muhammed ein heilt vanleg person. Då meiner eg vanleg i den forstand at det ikkje er noko guddommeleg med han. Den viktige rolla har han fått fordi det var han som Koranen vart openberra til, og han var den siste profeten for Allah. Han vert sett på som ein god muslim og eit førebilete for andre muslimar.

 

Når religionen blir kalla ”Muhammedanisme” blir profeten Muhammed sett føre Gud. Det kan òg kanskje sjå ut som om dei har to gudar: Allah og Muhammed. Det tyder på polyteisme. Derfor blir det krenkande for muslimane å kalle religionen deira ”muhammedanisme”.

 

”Islam”, som muslimane sjølv kallar religionen sin er eit mykje meir passande namn. ”Islam” tyder underkasting eller overgiving. Det vil seie at ein skal underkaste seg Allah sin vilje på alle område i livet. Dette er ein sentral del av religionen.

 

Eg syns derfor det er viktig å ha nok kunnskapar om ein religion før ein byrjar å uttale seg om han, og i alle fall finn nye namn på han. No som folk i Vesten har fått meir kunnskap om Islam trur eg ikkje lenger at nokon kallar det for ”muhammedanisme”, i alle fall ikkje som eg veit om.