jump to navigation

Filosofiske og religiøse syn på kjønn og kjønnsroller mars 1, 2009

Posted by religionsfilosofen in Uncategorized.
trackback

Synet på kjønn og kjønnsroller har vore mykje diskutert opp i gjennom historia. Sjølvklart er dette også noko filosofane har interessert seg for og hatt meiningar om. I religionar som Islam, Kristendommen og Hinduismen er det ulike syn på kva rolle mannen og kvinna har. Både hjå filosofane og i desse religionane kan ein finne likheiter, men også store kontrastar i synet på kjønn.

Ein av filosofane frå Antikken som interesserte seg for og hadde meiningar om synet på kjønn, var Aristoteles. Det han meinte kan ha mykje av skulda for all den kvinnaundertrykkjinga som har gått føre seg opp i gjennom tidene. Aristoteles såg nemleg på kvinna som ein «ufullstendig mann». Bakgrunnen for denne påstanden var ein annan påstand om at barnet berre arva av faren sin. Mora var berre «jorda» som barnet vaks i, medan faren var sjølve «såmannen». På grunn av dette burde kvinna også ha ei underordna possisjon i samfunnet, meinte han. Samfunnet i hans samtid var stort sett einige om det.

Immanuel Kant var ein tysk filosof som levde på 1700-talet. Han hadde òg meiningar om synet på kjønn. Særleg var han fasinert av den kvinnelege sjønnheita. Kvinner handlar ikkje ut i frå kva som er «rett og gale», men kva som er «styggt og vakkert», hevda han. Dei handlar med andre ord ut i frå kjensler, og ikkje prinsipp. På bakgrunn av dette skulle ikkje kvinner bli utdanna slik som menn, men heller utvikle kjenslene sine og evna til å dømme ut i frå dei.

Dette reagerte den engelske filosofen, Mary Wollstonecraft på. Kvinner er like rasjonelle som menn påpeikte ho. Problemet var at dei mangla utdanning, og utan det kunne dei ikkje hevde seg som rajonelle individ.

1800-talet i Vesten var ei tid prega av romantiske idear om kvinneleg svakheit og sårbarheit. Kvinna hadde ei svak stemme i samfunnet. Ein som argumenterte mot dette var den engelske filosofen John Stuart Mill. Han er mest kjend for sin politiske filosofi, og vert kalla «far til den politiske liberalismen». I og med at Mill tok utgangspunkt i individet, inkluderte han òg sjølvsagt kvinna, og i 1859 argumenterte han for kvinneleg røysterett. I «Om kvinneundertrykking» (The Subjection of Women) skriv Mill at den lovlege underordninga av eit kjønn i forhold til eit anna er eitt av hovudhindera for menneskeleg forbetring, og burde erstattast med eit prinsipp om perfekt likeverd.

Den kvinna som kanskje har engasjert seg mest når det gjeld synet på kjønn er den franske filosofen Simone de Beauvoir. I 1949 kom ho med boka «Det andre kjønnet». Her seier ho mellom anna at kvinna alltid har vore definert i forhold til mannen. Kvinna blir skildra ut i frå dei biologiske eigenskapane sine og blir tildelt rolla som husmor. Denne rolla kan kvinna frigjere seg frå. Ei kvinne kan bli ein like god kunstnar eller politikar som mannen.

Islam og Kristendommen er begge monoteistiske religionar og har ein del grunnleggjande likheiter, men når det kjem til synet på kjønn kan ein sjå klare forskjellar. Eg vil påstå at Kristendommen er den religionen som har mest likestilling mellom kjønna.

Her er nokre døme henta frå Bibelen:

 «(…) Men i Herren er ikke kvinnen noe uten mannen, og mannen er heller ikke noe kvinnen. For som kvinnen ble til av mannen, blir jo mannen født av en kvinne, men alt er fra Gud. (…)» (Paulus 1. brev til korinterne, kap. 11)  

«Hver mann skal elske sin kone som seg selv, og hun skal ha respekt for sin mann.» (Paulus brev til efeserne, kap. 5) 

«Her er det ikke jøde eller greker, slave eller fri, mann og kvinne. Dykk er alle èin, i Kristus Jesus.» (Paulus brev til galaterne, kap. 3)

Dersom ein skal sjå kva Koranen seier om kjønnsroller kan det vere litt forvirrande. Her er to litt motstridande argument henta frå Koranen: 

«Menn er kvinner overlegne fordi Gud har føretrekt den eine framfor den andre.» (Sure 4,31)

«Kvinnene skal ha dei same rettane overfor mennene som mennene overfor dei.» (Sure 2,228)

Likevel ser det ut til at det er det første argumentet som gjeld, særleg når det kjem til ekteskapet. Det har seg nemleg slik at ein muslimsk mann kan gifte seg med inntil fire kvinner, dersom han behandlar alle likt og er like glad i alle. Desse kvinnene kan vere muslimar, jødar eller kristne. Ei muslimsk kvinne derimot kan berre gifte seg med ein mann og gongen, og han må vere muslim. Det same gjeld når ein skal skilje seg. Mannen slepp unna med å seie tre gonger «Eg skil meg frå deg» til kona si med eit visst tid mellom kvar gong. Vil kvinna skilje seg må mannen anten vere impotent, ikkje lenger muslim eller lide av ein alvorleg mental eller smittsam sjukdom. Ho er òg nøydt til å skaffe ein dommar som avgjer det heile.

Mange muslimske land har problemer med å godta nokre av FN sine menneskerettigheiter. Særleg gjeld dette rettane om likestilling mellom mann og kvinne. Der menneskerettigheitene skil seg frå Sharia, er det Sharia som gjeld.

Ein kunne tru at kvinna hadde hovudrolla i Hinduismen på grunn av religionen sitt store antal gudinner. Likevel seier det religiøse skriftet Manusmriti at kvinna ikkje er skapt for sjølvstende. Som barn blir ho beskytta av sin far, som gift av sin ektemann, og som gamal av sonen sin.

Eit tydeleg eksempel på kvinneudertrykkjing i Hinduismen er enkebrenninga, kalla sati. Ved at enka vart brent saman med sin avdøde mann, viste ho sin evige kjærleik til mannen og på same tid vart begge rensa for all synd. Det vart forbud mot enkebrenninga tidleg på 1800-talet.

For mannen sin del er det eit ideal om å forlate familien når barna er voksne og vie seg til eit liv i meditasjon.

Alt i alt ser det ut til at det er kvinna som har vore offeret for undertrykkjing både frå filosofane og religionane si side, sjølv om det har vore nokre lyspunkt med mellom anna Wollstonecraft og Mill. Eg syns ellers at verda utviklar seg i rett rettning når det gjeld likestilling mellom menn og kvinner. Men det må det likevel ikkje gløymast at menn og kvinner faktisk er ulike og alltid vil vere det. Nokre jobbar som krever fysisk styrke vil alltid vere betre egna for menn fordi dei er fysisk sterkare. Det tyder sjølvsagt ikkje at menn er betre enn kvinner, men berre egnar seg betre på det området.  

«Tallents differ, all is well and wisely put.» (Ralph Waldo Emerson)

Kommentarar»

1. Susanne - april 5, 2009

Jeg vil ikke si meg enig i din fremstilling av Bibelen kontra Koranen, du burde helt klart også tatt for det motsigende ord som en tydelig finner i Paulus brev, blant annet skriver i et av sine apostelbrev i det nye testamentet, at kvinnen skal underordne seg mannen, at han er hennes hode, og at hun er skapt for mannens skyld. En kvinne skal heller ikke være ansatt som lærer, og hun skal tie stille i forsamlinger. I mosebøkene finner en også flere eksempler på kvinneundertrykkelse som: i 2. Mosebok. 22,18: ”En trollkvinne skal du ikke la leve”

I Bibelen skildres kvinnen som den svakeste allerede i skapelsen, når Eva spiser et eple av det forbudte treet i edens hage. Etter dette er alle kvinner i følge bibelen påtatt arvesynden; ”Se, jeg er født i misgjerning, og min mor har unnfanget meg i synd.» (Salm. 51,7)

Ellers syns jeg det var interessant å lese!

2. Susanne - april 5, 2009

url

3. Helene - mars 17, 2010

Ganske enig med forfatteren, men ikke helt. Gud sier allerede i første bok i Bibelen at kvinnen skal være under mannens makt. Her har du hele bibelverset:
Til Eva sa han: «Stor vil jeg gjøre din møye så ofte du er med barn; med smerte skal du føde. Din lyst skal stå til din mann, og han skal råde over deg.» (1. mos. 3.16)

For øvrig var Paulus kun et menneske, attpåtil en mann, og dermed kan vi gå ut ifra at han var påvirket av datidens syn på kvinner. Paulus ord er ikke det samme som Guds ord.

4. Ida - oktober 4, 2010

Hei, jeg bare lurte på om du har kilder til det du skriver om Immanuel kant?

religionsfilosofen - oktober 4, 2010

Hei! Brukte religion- og etikkboka for vg3 (2009) Den heter «Eksistens: religion, etikk, livssyn, filosofi», skrevet av Camilla Fines Aronsen.


Kommenter innlegget