jump to navigation

Er det mogleg å seie noko klart og tydeleg om kva religion er? september 14, 2008

Posted by religionsfilosofen in Uncategorized.
trackback

Det første kapittelet i læreboka vår heiter Religionskunnskap. Her er det ikkje fokusert på éin særskild religion, men heile omgrepet religion. På ein måte handlar det om alle religionane, fordi dei fortel kva alle, eller dei fleste religionar har til felles. Dei fortel altså om religion generelt og hentar eksempel frå fleire ulike religionar.

 

Etter to veker med dette kapittelet har eg fått meir kunnskap om korleis religionane er spreidd geografisk og i forhold til befolkninga. Eg har òg fått ei betre forståing for forskjellen på å studere kva religion er og korleis religion fungerer. Dei sju dimensjonane gjer det lettare å gå i djupna på ein religion fordi ein studerer kvar del for seg.  

 

Ut i frå dette meiner eg at, ja- det er mogleg å seie noko klart og tydeleg om kva religion er. Først og fremst er religion noko ein må tru på. Det kan verken bevisast eller motbevisast. Det ein trur på er ein gud, fleire gudar eller eit guddommeleg førebilete. Uansett kva det er, så er det noko heilagt og overnaturleg.

 

Det kan vere svært vanskeleg å gi ei kort og enkel definisjon på kva religion er fordi det er eit så vidt omgrep. Etter mi meining er heile kapittel 1. om religionskunnskap ein definisjon på religion. Det seier litt om kor omfattande omgrepet eigentleg er.

 

Likevel meiner eg det er mogleg å skilje mellom kva som er religion og kva som ikkje er det. Til dømes er det nokre som seier at fotball er ein religion. Det meiner eg er feil. Det er forskjell på å tru på ein gud, og å vere fan av eit fotballag. Ut i frå det eg har forstått meiner dei som oppfattar fotball som ein religion at ein religion er noko som rører ved noko grunnleggjande viktig i eit menneske. Dette kan jo vere sant, men det kjem an på kor religiøs ein er, og kor stor del av livet religionen tar. Dersom ein skal bruke denne definisjonen er det kanskje òg mogleg å seie at volleyball, dansing, bordtennis, Mikael Jackson, Johnny Depp og Star Wars er religionar. For nokre menneske kan ein av desse tinga vere grunnleggjande viktig, som ein dansar som har lyst til å leve av dansen. For ein Mikael Jackson fan kan den største drømmen vere å treffe han personleg eller sjå han på ein livekonsert.

 

Kva er då forskjellen på å vere fan av noko/nokon og å kalle det for ein religion?

Mi meining er at ein religion må ha noko heilagt over seg. Det er ikkje nok at ein blir rørt av det, ser opp til det som eit førebilete eller har det som eit mål for livet. Det må vere ei guddommeleg makt som ligg til grunnlag for religionen. Og når alt kjem til alt er det kanskje meir sannsynleg at ein Man. U fan ber til Gud om at laget måtte vinne i staden for Ronaldo?

 

For å oppsummere har eg altså ein ganske klar meining om kva religion er.

Min kortaste definisjon: religion er trua på noko overnaturleg.

Kommentarar»

1. Erlend - september 14, 2008

God kveld! Ville si at likte veldig godt den enkle og greie definsjonen din 🙂 Veldig enig i at religion handle om trua på noe overnaturlig. Men eg vil si at samtidig som troa e ein helt avgjørende del av en religion, så er det «bare» ein del av ka ein religion e. God natt! 🙂

2. Lisa Stornes - september 15, 2008

Reflektert og godt innlegg:-)


Kommenter innlegget