jump to navigation

Er det gode verkeleg? februar 25, 2009

Posted by religionsfilosofen in Uncategorized.
trackback

 Først av alt må det klargjerast kva som meines med «verkeleg». Dette er jo eit av dei grunnleggjande filosofiske spørsmåla; Kva er verkeleg? Nærare bestemt vert dette kalla metafysikk.

 

Fleire filosofar har fundert over dette og kome fram til fleire ulike konklusjonar. Ein av dei er Aristoteles, som konkluderte med at alt det vi kan ta og føle på er verkeleg -og ingenting anna. Læraren hans, Platon, derimot meinte noko heilt anna. Platon utvikla nemleg ein idélære om uforanderlege idear. Desse ideane er noko alle er fødde med, og det er dei som gjer at vi til dømes kan kjenne att eit menneske, sjølv om vi alle er ulike.

 

Eg tar opp Platon fordi det viktigaste for han var nettopp å vise at det gode er verkeleg. Her brukte han óg idélæra for å illustrere tankane sine. Ei god gjerning kan jo óg kjennast att i to heilt ulike situasjonar. Å gi pengar til ein innsamlingsaksjon eller å låne bort pengar til ein klassekamerat er begge gode handlingar. Vi kjenner att det gode i begge handlingane fordi det finst ein uforanderlig idé om det gode. Platon sa at di meir uforanderleg noko er, di meir verkeleg er det.

 

Dersom ein skal stole på Platon, er altså svaret – Ja, det gode er verkeleg. Det må jo understrakast at dette er Platon si meining, og den kan ikkje bevisast. Likevel meiner eg han har eit poeng.

 

Eg synes at det gode eigentleg kan samanliknast med glede. Når ein gjer ei god gjerning gledar ein nokon. Eller når nokon gjer ei god gjerning mot deg, blir du glad. Det er ei kjensle du ikkje kan ta og føle på, men du kjenner det likevel.

 

Og så lenge du veit at du er glad, så er det vel verkeleg nok?

 

 

Kommentarar»

No comments yet — be the first.

Kommenter innlegget