jump to navigation

Er englar ein form for gud? september 14, 2008

Posted by religionsfilosofen in Uncategorized.
trackback

Hm.. er litt usikker på kva som ligg i uttrykket ”form for gud. Eg tenkjer det er vel bare éi form for gud? Anten så er du det, eller så er du det ikkje. Og ein engel er ganske klart ikkje ein gud. Dei er Guds sendebod og hjelparar. Sjølve ordet engel er henta frå det greske ordet angelos, som tyder sendebodJ

 

Den mest kjende engelen er kanskje engelen Gabriel som openberra seg for Jomfru Maria, og sa at ho skulle føde Guds barn. Det var òg englar til stades då Jesus vart fødd. Noko som kanskje forklarer kvifor vi pyntar med englar til jul?

 

Englar er heilage og høyrer til religionen, men er likevel ikkje nokon gud. Det fins òg andre slike eksempel på Guds hjelparar. I den romersk-katolske kristendommen har ein noko som heiter helgenar. Det er vanlege personar som ein har gjort til helgenar på grunn av ei spesiell handling denne personen har gjort. Sidan det er snakk om personar som har eksistert i verkelegheita er det ikkje noko overnaturleg vesen. Likevel blir helgenane rekna som heilage og ein ærar dei som heltar. Ein kan òg be til helgenane, men ikkje på same måte som ein ber til Gud. Når ein ber til helgenane ber ein om at dei skal hjelpe ein å be til Gud.

 

Ein engel er eit heilagt vesen som er til for å hjelpe Gud. Dei er overnaturlege og høyrer til i religionane. Likevel kan ikkje englar likestillast med ein gud.

Kommentarar»

No comments yet — be the first.

Kommenter innlegget